Rostock - rask rundtur

Eg bur i gjestehuset i Patriotischer weg, berre nokre få minutt å gå til kontoret. Her er to patriotar på vegen til instiuttet

Max Planck instiuttet i Rostock ligg litt nord for sentrum i den gamle forstaden Krøpeliner-Tor, dvs. rett utanfor den gamle byporten på vestsida av gamlebyen. Dvs. ein kan vel seie at eg bur i sentrum av byen

Ein rask liten gangtur så er ein i den "Midtre bydel" og der ligg Neu Markt

Nokre er heldige og kan sykle

På Neu Markt ligg også rådhuset

KAnskje ikkje heilt vanleg at rådhus er rosa, men fargen er sikkert frå ei tid då rosa passa bra for kjøpmenn og borgarar. I kjeller er det naturlegvis rådhuskjellar med øl og mat


View Larger Map

Comments