Den norske "studentheimen" i Rostock i tida rundt 1500 blei kalla St. Olafs Burse, eller St.Olafs huset. I grunnregisteret for Rostock frå 1600-talet er huset nemnd og grunntomt-referansen, kombinert med Tarnow-kartet frå 1790 og moderne kart let det seg gjere å identifisere tomta der den norske studentheimen var. Her budde truleg kjente norske studentar som Olav Engelbrektson (erkebiskop)
 |
Haus der Statwerke (grunntomt nr. 426) og dobbelhuset til høgre (grunntomt 427) var grunnane der St. Olafs hus (bursa) stod. |
St. Olafs hus var dei to husa til høgre for blomsterbutikken.
 |
Universitetsplassen, eller Hopfenmarkt som det heitte før. Den raude sirkelen markerer kvar St. Olafs hus var i følgje grunnregisteret |
På dette kartet har eg lagt over Tarnows kart 1780-90 over dagens sattelitt-foto. Grunn nr. 427 og 426 på Tarnow-kartet etter grunnregisteret ca. 1680 var St. Olavs hus.
Comments