Fysioterapi og helsesystem

I dag var hadde eg kontakt med helsessystemet her i Rostock. No blir ein ikkje ekspert på dette i løpet av nokre timar på venterom, i gangen og framfor skranken. Men det tyske helsesystemet virka noko meir effektivt enn i Norge. Både i Norge og her er det mange folk som spring omkring, men det var ein skilnad. I Norge lurer ein ofte på kva dei som virrar i kring faktisk gjer. Her virka det som dei heile tida løyste klart definerte oppgåver og dermed var meir effektivt og behandla fullt av pasientar i stor fart (Røntgen, gipsing, undersøkjing m.m.). Betre organisert og dermed meir effektive. Men ein ting var prikk likt. Stort sett når eg er i kontakt med helsevesenet så blir eg frisk for det er jo så mange sjuke folk i kring, dvs. dei har det langt verre enn meg. Sjølv med broten arm kjente eg meg rimeleg frisk. I løpet av dagen blei eg nesten heilt bra i armen, berre av å sjå på folk som hadde alle slags brot og andre skadar. Eg har vore i kontakt med minst fem-seks fysioterapeutar i Norge dei siste ti åra. Og det går stort sett i same leksa. Dei ser på deg, gjev deg nokre enkle øvelsar som stort sett er heilt unødvendige og sjå kjem ein innom til konsultasjon, dvs. dei ser på deg, spør korleis det går og spør om du gjer øvelsane. Derfor var det ikkje utan lite skepsis eg aksepterte seks timar med fysioterpeut her i Rostock. Eg spurte legen om det verkeleg var nødvendig. Ja, eg hadde lite val. Han ringte og ordna ein time til meg litt seinare på dagen. Fekk time kl. 16:00. Eg møtte opp, og fysioteraputen var litt forseinka. Litt uvanleg for Tyskland, og eg blei noko skeptisk. Men eg tok grunndig feil. Eg blei beordra opp på ein benk og der fekk venstrearmen gjennomgå kontrollert. Eg pressa mot og fysioterputen hald mot, eller omvendt hald igjen når ho pressa på. Etterpå var eg så mykje betre at eg lurte på om eg skulle skeie ut med ein Rostocker Pils.

Comments