Furneset

Garden Furneset ligg på austsida av Sunnylvsfjorden, mellom Oaldsbygda og Lundaneset (innlaupet til Geirangerfjorden). Garden ligg på ei lita flate, på ein framstikkane fjellrygg, ca. 450 moh.

Garden er første gong nemnd i lensrekneskapen for året 1603.  Dette bildet (flyfoto) er skanna frå bygdeboka (Lillebø 1993:442). Frå sjøen opp til garden reknar ein 1.5t gange. Stien er bratt. Ovanfor garden til Furnesdalen med Furnessætra. I Furnesdalen er to gode fiskevatn.



Eg har aldri vore på Furneset, men på "nabogarden" Timbjørgane. Bildet viser Furneset sett frå Timbjørgheia på andre sida av Sunnylvsfjorden.

Ortofoto over Furneset. Kart og foto av Furneset viser ei lita tjønn bak tunet. Merk at den vesle tjønna bak tunet er heilt tilvaksen 

Kart over Furnes frå Norge i Kart.
Bildet nedanfor er eit DTM skyggerelieff (laserskanning frå fly) over topografisk kart (topo2, gråtone) med DTM skyggerelieff. På skyggerelieffet ser det ut til at den vesle tjønna har vore større og at kvennagrova har gravd godt ned i lausmassen nord for  tunet.
På grunn av tett vegetasjon viser ikkje tjønna på flyfoto. Men på eit bilete teke av Magne Flem frå 1930-talet er tjønna tydeleg.

Fjøsen er bygt rett framfor ein stor stein. Dette var ein vanleg byggjemåte i området for å verne bygningar mot snøskred.


Comments