Tur til Timbjørgane

Timbjørgane

Timbjørgane eller Tynnbjørgane offisielt er ein fråflytta gard i Sunnylvsfjorden. Garden ligg høgt over fjorden mellom Ljøen og Åkneset (Åkernes). Garden ligg på ein bergskolt ca. 500 m.o.h. Garden blei matrikulert ca. 1660.


Den beste måten å komme seg til Timbjørgane er å gå frå Herdalen i Stranda . Frå parkeringsplassen på Herdalen (ved tunnelane) går ein opp den gamle vegtrassen (postvegen) til fremste Herdalsvatnet (602 moh). Denne følgjer ein så eit lite stykke innover langs vatnet. Stigen tek av til høgre frå postvegen til  Timbjørgane / Timbjørgheiane  i austleg retning. Stigen er skilta og merka. Dei siste 50 m av stigen er litt bratt, men det er lagt ut tau.

 Bildet viser Herdalen og Strandadalen frå stigen frå Herdalen og aust over mot Timbjørgheiane.

Stigen oppover mot Timbjørgheiane er klar og tydeleg, og frå kvelingane mellom Herdalen og Timbjørheiane er det strålande utsikt mot Furneset og Oaldsbygda. Geitfjellet over Furnesdalen er 1615m.

Nedetter Timbjørgheiane kan det vere lett å miste stigen, men sjå etter raude merke på bjørkeleggane.

Etter eit par km i skråande terreng kjem du ned på kanten ovanfor Timbjørgane. Her kan det vere litt lett å gå for langt mot fjorden. Går ein for nær mot fjorden kjem ein ned på ei flate sør for Timbjørg-gylet som blir kalla Instebøen.
Det gamle tunet på Timbjørgane låg truleg på utsida av bergskolten, der furua no veks. Medan 1800-tals tunet ligg tett under hammaren på innsida av bergskolten.

Siste del av stien ned mot Timbjørgane er bratt og det er ein del bregner og kraftige blokker langs råsa.
Frå stien skimtar vi det vesle vatnet som ligg i dalsokket bak tunet mot ura og fjellet bakanfor.
Vel nede i garden ser ein  tydeleg den gode bygningssteinen.

Murane etter stovehuset (og fjøsen?) på Timbjørgane.  Bygdeboka seier at Arne Rasmusson Skageflå m/familie kom til staden i 1813. Då hadde garden vore øyde i 50 år. (P.A. Lillebø 1993:408) Oppmuringa syner at dette huset må ha vore bygd på 1800-talet. Steinane er relativt flate og ettermåten tynne (20 cm), jamstore og rektangulære. Dei som har mura på denne måten hadde lært å mure ved som vegarbeidarar (rallarar).



På utsida av Timbjørgane finn vi restane etter det gamle tunet. Nokre vil nok tolke murrestane som fundament for ei høyløe, men eg trur at tunet låg på utsida av bergskolten ved Timbjørgane. Har inga gode argument, berre ein "feeling". I bakgrunnen ser vi Lundaneset og innlaupet til Geirangerfjorden.

Eg tolkar dette som murane etter eit stovehus bygd i første halvdel av 1600-talet. Frå midt på 1600-talet var mange bønder og ungdommar på festningsarbeid i dei store byane og lærte å mure festningsverk. "Festningsmurar" tok frå 1650 til å prege murfundament både for løer og sætrehus på bygdene. Typisk er store rektangulære blokker som husmurar. Ikkje ulik blokkar og murarbeid på festningsverk som Bergenhus og Akershus. Har ingen referanse på at dette var tilfelle, men ein stad må folk ha lært å mure fundament til bygningar.



Næraste nabo til Timbjørg-folket var Furneset. På vinterstid, dersom det var godt, stille vêr og fjorden var islagt kunne dei be Furnes-folket på middagsbesøk.

Comments