Neptun verft i Rostock

Neptun-verftet var det store verftet i det gamle DDR. Leverte skip til alle vennlegsinna land og land i Afrika og Sør-Amerika som dei ville 'kommunistifisere'. Men også gode kapitalistiske reiarar i Norge kjøpte skip av Neptun-verftet her i Rostock på 1970-talet. DDR tok det ikkje så tungt at 'fienden' kjøpte skipa dei produserte. Men Neptun-verftet er langt eldre enn DDR. Det første verftet blei etablert rundt 1850, og etter konkursar, reorganisering, samanslåing og nyedanningar blei det til Neptun-verftet. Men det er ikkje mykje igjen av det gamle verftet. Og dei nyaste delane har blitt kjøpesenter. Men to store byggehallar har eg funne som i allefall stod på same plass rundt 1900

Verftshistorikk
1850-1853:Schiffswerft und Maschinenfabrik von W. Zeltz und A. Tischbein
1853-1872: Maschinenbauanstalt und Schiffswerft von A. Tischbein
1866-1871: Werft von N. H. Witte und C. Abendroth
1871-1890: Rostocker Actien-Geschellschaft für Schiff- und Maschinenbau
1890-1945: Actien-Gesellschaft "Neptun" Schiffswerft und Maschinenfabrik 1890-1945



Größere Kartenansicht

Comments