Stadtbibliotek

Stadtbibliotek eller bybiblioteket tilsvarer Bergen offentlige bibliotek ligg midt i Krøpeliner Strasse. Krøpeliner Strasse er ei av hovudgatene her i Rostock. Eg var innom for eit par dagar sidan og fekk meg lånekort. Pass og bevis på at eg budde i byen måtte eg ha med. Og då var alt i orden. Biblioteket ligg i eit av dei stilige husa i Krøpeliner Strasse. Det er av den gamle typen, men kan godt vere nytt. For eit utrent auge er det ikkje lett å vite om "gamle" hus er gamle, sterkt renoverte eller heilt nye. Deler av byen blei ganske godt bomba i 1942. Eit bilde av Neue Markt etter 1942-bombinga er ganske utruleg. Heile området er jamna med jorda, men Mariakirken står nesten utan skade

Comments