Universitetsbiblioteket i Rostock

Universitetsbiblioteket her i Rostock har fleire filialar, men hovudbiblioteket ligg i det sentrale universitetsområdet i Südstadt. Stor bygning, flott arkitektur og like ved låg studentkantina (Mensa) og Studentwerke. Det var ikkje noko problem å låne og lese bøker, men skulle eg ta bøker ut måtte eg ha med Wohningsvetragen, bubeviset mitt. Det tok eg naturlegvis ikkje med for eigentleg var eg på tur til Velodromen (Radrennbahn) og biblioteket var på vegen. Bibliotekets katalog er naturlegvis på nettet og den finn du her: http://www.ub.uni-rostock.de/ Dei har også ei samling på 370 000 e-bøker, men eg reknar med at ein må ha ein intern IP-nummer for å nytte dei. Hovudbiblioteket har både laurdag og søndagsope. Eg tok eit bilde frå hovudinngangen, men det gjev eigentleg ikkje eit noko godt inntrykk av det store og stilige biblioteket
Universitetsbiblioteket blei grunnlagt i 1569. Det virker som at brukarane er rimeleg nøgde med biblioteket Tilbakemeldingar og vurderingar

Comments