Vent på grøn mann med hatt

Rostock er i gamle DDR, derfor har dei grøne mennene på trafikklysa hatt. Og i Tyskland går ein aldri på raud mann. Alle ventar på grøn mann med hatt. Slik er den raude mannen:

Sjølv om klokka er 6 om morgonen eller 1 om natta. Og gata er tom for bilar. Så ventar ein på grøn mann. Ingen her går på raudt. Eigentleg er det kjempeflott. Og særleg er dette fornuftig for oss som syklar. VI kan stole på at ingen fotgjengarar tullar seg ut på raudt Her er den grøne mann i full fart og med hatt

Her er vegen min frå leiligheita til jobben
View Larger Map

Bruk pilene for å sjå byen og området kring

Comments