Lix treningssenter

Det har snart gått seks veker sidan beinbrotet og har no lov til å belaste armen. Tidlegare i veka starta eg på treningssenter. Ikkje for seint. Har gått litt treigt fordi eg valde feil treningssenter først. Det var av det ultraseriøse slaget, med bli-kjent samtale, så skal eg ha Diagnose-time. Så får eg byrje å trene. Kanskje i neste veke ein gong. Derfor fann eg ut at eg heller ville berre satse på noko enklare i nabolaget. Her er bildet av treningssenteret. Kjempebra, ordentleg, skikkeleg og reint.

Treningssenteret heiter LIX og har naturlegvis eiga heimeside
http://www.lix-pix.de/

Comments