Mitt første ritt

Første mai deltok eg i Laage RTF (Round Tour Fahrten). RTF betyr at ein får poeng for distanse og det er ikkje tidtaking, dvs. eit  "pensjonist-ritt". Det er utan tidtaking, men ein får punkter etter lengde, og mine dårlege kameratar valde lengste distanse, 151 km (maks punkter). Eg tenkte at her kom tyskarane med korgsyklane sine, men det var lite slike på start. Det var fire kontrollpostar undervegs med stempling og kaker og drikke. Eg håpte på ein roleg langtur, så eg spurte ein kar om det kom til å gå roleg i dag. Kva meiner du svarte han. Første to km gjekk i 28 km/t fordi politiet køyrde master, dei neste fem gjekk i 42 km/t. Då forstod eg at dette var alvor. Vi raste gjennom småbyar med brusteinsparti og etter 80-90 km var vi berre 8 igjen i første gruppe og vi køyrde samla inn. Eg har lært utruleg mykje om sidevind og køyring i vifte i dag. Vi hadde eit snitt på 34 og det er bra for "pensjonistar"


Bilder frå rittet.
http://www.rv-rostock.de/ Leit etter 12. Laager Recknitz-Tour am 01.05.2012


Kan vel leggje til at det var eg som vann pokalen, sjå bilde 3.



Invitasjon til rittet
http://www.rklaage.de/

Comments