Vegen som blei borte - Halal-slakting av geit

Fredag blei første skikkelege sykkeldag med tre timar sykkeltur i kuppert terreng. Og turen blei ekstra innhaldsrik: Ein veg som blei borte og halal-slakting av geit på nært hald. Ein strava-KOM (King of Mountain) tok eg også. Planen var å sykle opp Baraj-vegen (Dim-dalen) mot Bucak og rundt ein innsjø oppe i Dim-dalen, opp på austsida og ned på vest-sida. Etter kartet skulle dette vere mogeleg, men store delar av innsjøen var nyoppdemd. Eg sykla til til enden av innsjøen, så over dalen mot andre sida, i håp om å sykle nedover langs vestsida. Eg trudde eg var over på vestsida, men vegen berre hald fram oppover og oppover. Ja, ja, lenger oppe er nok krysningspunktet, tenkte eg. Men etter som eg sykla oppover og oppover med bakkar på 15% vaks det ein stor canyon i vest. Ja, ja, lenger oppe i dalen er krysningspunktet tenkte eg.
Til slutt fann eg ut at eg måtte sjekke kartet i Strava.com (=google maps). Det synte seg at eg var 15 km forbi kryssningspunktet. Så var det berre å snu y tilbake og finne kryssingspunktet ved enden av innsjøen. Men vegen til andre sida låg under mange meter vatn. Så var det berre ein ting å gjere. Sykle tilbake på austsida. Nedanfor demninga kryssa eg Dim-dalen og der låg restaurantar i elvegylet på rad og rekke. Restuarantar og aquaparkar låg i sjølve elva-gylet. Ganske stilig, så eg stoppa på ein av dei.
Eg hadde ikkje stått lenge før to kokkar, kelnarar, kjøkkensjefen og anna betjening kom gåande med ei geit på slep. Den eine kokken/slaktaren hadde ein rimeleg stor kniv. Kjempegreier tenkte eg her blir det slakting. Så byrja karane og be, medan tre karar hald geita roleg. Dei bad ei god stund og han som såg ut som kjøkkensjefen var kanskje ein imam. Etter mykje being blei ein planke teken fram og geitehaudet lagt på planken. Mange karar stod i vegen, så eg tenkte at her får eg ikkje sjå mykje. Men geita var uroleg og dei måtte snu geita, planken blei flytt eg fekk første losjeplass til stikkinga. Tre karar hald geita, kokken gjorde seg klar, sette kniven mot strupa og skar til. Eg tenkte at han berre ville kutte halsborken, men han skar nesten haudet av frå kroppen. Frå heimeslakting er eg van med at ein tek vare på blodet, men det var inga «mor» som rørte i geiteblodet. Ingen blodpannekaker eller blodpudding der i garden, nei. Blodet spurta berre rett på asfalten. Så mens blodet spurta og nokre av karane var lettare sjokkert over hendinga, gjekk dei fleste karane kvar til sitt, medan eit par blei igjen og tømde geita for blod. Dermed sette eg nasen heimover og sykla langs elva på vestsida ned til Sjøsterne-residensen i Alayna. Etter å ha lasta opp Strava-fila (gps-tracking), oppdaga eg att eg hadde teke ein KOM (King of Moutain) og to andreplassar. Andreplassane var med liten margin, så hadde eg visst om segmenta så hadde eg nok sykla fortare. Lenke til sykkelturen i Strava med kart

Comments