På KOM-jakt, men møtte brusteinen og Tyrker-Martin

I går sykla eg opp Castle Hill i Alanya. Den er 3.5 km, med stigninger på 20% og siste km er brustein. Men på slutten sykla eg feil slik at eg ikkje fekk registrert turen på Strava.com, og tidsmessig låg eg an til ein 2. plass. Synd. I dag tidleg (måndag) var eg derfor på KOM (King of Mountain)-jakt, og sykla roleg innover gata langs stranda, inn på Ataturk-avenyen for å komme til Castle Hill Road. Det er ein del lyskryss innover og mellom lyskryssa går det roleg i 25-30 km/t. Så inn på Ataturk-avenyen skulle eg gire opp på storeskiva, og litt for tidleg trødde eg kraftig til. Dermed trødde eg i lause lufta, farta var 27 km/t altså ikkje så fort, så eg stupte rett i brusteinen. Landa på høgre auge, klint ned i brusteinen. Sykkelen gjekk i ein bue og landa på bakhjulet. Eg var oppe før sykkelen landa, tok sykkelen og gjekk inn på fortauet. Ein kar lurte på om trengte ambulanse. Nei, nei sa eg.
Dekket på bakhjulet var delvis vridd av og i det eg tok i dekket, small slangen som eit pistolskot. Så skifta eg slange, og gjekk inn på nærmaste restaurant for å vaske av meg olje og blod. Med halen mellom beina måtte eg sykle heim. Hadde litt lyst å ta KOM’en, men hadde litt for lite luft i bakhjulet. Og dessutan var hjulet skeivt, slik at bakbremsa fungerte dårleg. Og ned frå Caste Hill er bremser godt å ha. Heim til leigligheita, og ut for å kjøpe søte kaker. Det er den beste medisin mot såra stoltheit. Etter kaffi og frukost (søte kaker) måtte eg få retta opp bakhjulet. På nettet fann Martin Türkay (Tyrker-Martin) sykkelutleige og reperasjon. Den låg ikkje så langt frå der eg gjekk i brusteinen. Roleg tur innover og denne gongen gjekk det betre.
Martin fekk balansert hjulet og fortalte at han nettopp hadde representert Tyrkia i triatlon for menn i alderen 50+. Eg gjekk for å sjå på sykkelen, og på den hadde han eit flott flagg. Han sa han var stolt av å representere Tyrkia, men han skulle vise at han tok avstand frå dei religiøse tullingane som sat med makta i Tyrkia no. Derfor det spesielle Tyrkiske flagget på sykkelen. Martin kunne kunsten å rette hjul, så hjulet fungerer rimeleg bra. Så no blir det KOM-jakt på Castle Hill i morgon.

Comments